Kystvegen Måløy – Florø AS arbeider for å få bygt ein tidsmessig, moderne veg frå Måløy via Svelgen til Florø. Utbygginga skal skje i etappar. I næringslivet og i kommunane i kystområda er det sterk støtte til arbeidet for å få bygt kystvegen.

Planar er utarbeidde for den første etappen som er ny veg frå Svelgen til Indrehus og Myklebustdalen. Vestland fylkeskommune skal vere byggherre og stå for finansieringa. Teikningar finn du nedanfor.

Etappe to er bygging av bru frå Tongane til Biskjelneset. Dessutan må det byggast tilførslevegar frå Hamnen til Tongane og frå Biskjelneset til Almenningsfjellet. Fjordkryssinga er tenkt finansiert av ferjeavløysingsmidlar, bompengar og eventuelt eit offentleg bidrag

Kystvegen Måløy – Svelgen AS arbeider målbevisst for at anleggsarbeidet på ny fv. 614 Svelgen – Indrehus og Myklebustdalen skal komme i gang snarast. Vi er avhengige av eit positivt vedtak i Vestland fylkesting. Det har late vente på seg.

Vi arbeider aktivt for at bygging av bru og tilførslevegar på sør- og nordsida av brua kjem med i den regionale transportplanen til fylkeskommunen. Når det er på plass, kan vi komme vidare med byggeplanane i dialog med Samferdsledepartementet og Stortinget.