Klar for ny budsjettkamp for Kystvegen
– Det er definitivt kamp om ressursane i Vestland fylkeskommune, slår styreleiar Reidar Sandal i Kystvegen Måløy-Florø fast.
På vegner av selskapet ber styreleiaren no om nytt tilskot frå eigarkommunane som utgjer majoriteten i selskapet , 106.667 kroner frå Bremanger og 214.333 kroner frå Kinn. Sunnfjord kommune er også ein av aksjonærane.