Endringar i styret
På generalforsamlinga 4. mai 2020 blei det valt nytt styre i selskapet. Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger kommune, blir nytt styremedlem.
Dei tidlegare ordførarane Kristin Maurstad, Audun Åge Røys og Håkon Myrvang går ut av styret.
Styret blir redusert frå ni til sju medlemmer.
Det nye styret får slik samansetting:
- Reidar Sandal, styreleiar
- Anne Kristin Førde, styremedlem
- Ola Teigen, styremedlem
- Olve Grotle, styremedlem
- Jorunn Frøyen, styremedlem
- Hans-Petter Selstad, styremedlem
- Stein Kvalsund, styremedlem
Generalforsamlinga hadde brei deltaking frå aksjonærane.