Alternativ finansiering av ny fv. 614 Svelgen – Indrehus

Det har ikkje lykkast så langt å få Vestland fylkeskommune til å opne for bygging av ny fv. 614 Svelgen – Indrehus. Kystvegen Måløy – Florø AS går no, etter grundig vurdering, inn for ei alternativ finansiering i håp om at det kan ha ein positiv effekt på framdrifta. I staden for at fylkeskommunen skal bere heile kostnaden blir det foreslått tre nye element: Bruk av bompengar, omprioritering av 250 mill. kr frå arbeid med tunnel i Magnhildskaret og økonomisk bidrag til veg- og tunnelbygging.

Kystvegen Måløy – Florø AS arbeider aktivt for å få bygt ein moderne, tenleg og trafikksikker veg frå Måløy via Svelgen til Florø. Nytt vegsamband er avgjerande for å få skapt eitt bu-og arbeidsområde i regionen, og det er også eit vilkår for å skape vekst og positiv utvikling på kysten av den nordlege delen av Vestland fylke.

Kravet om ny veg har svært sterk støtte hos kommunane frå Solund i sør til Hareid og Herøy i nord. Hos næringsaktørane i kjerneområdet for kystvegen blir det sterkt poengtert at vegsambandet må byggast straks for at næringslivet skal få bruke det potensialet som finst.

Ei meir fullstendig framstilling av saka finn ein i det vedlagde skrivet til Vestland fylkeskommune datert 6.5.2024.