Oppsummering av styremøte 6. november 2017
Kystvegen Måløy – Florø AS hadde styremøte 6. november i Florø.
Vi arbeider systematisk for å få tilslutning til synet vårt om ny veg frå Måløy, via Svelgen til Florø. Det er dialog med alle grupperingane i fylkestinget. Akkurat no er det særleg viktig med tanke på behandlinga av ny regional transportplan for Sogn og Fjordane. Saka skal avklarast på fylkestinget i førstninga av desember.
Styret arbeider for at utbygginga på strekninga skal skje etter følgande rekkefølge:
- Ny veg frå Svelgen til Indrehus
- Bru frå Tongane til Biskjelneset med tilførslevegar til rv. 15 på Almenningsfjellet og fv. 616 ved Hamnen
- Ny veg frå Svelgen til Sørdalen
- Ny veg frå Indrehus og Myklebustdalen, via Terøya til Florø
15.11.2017
RS
(Biletet øvst er av Florø, den eine enden i 45-minuttsregionen, sett frå Brandsøyåsen. Foto: Arild Finne Nybø, CC BY-NC-SA 2.0)